Sist veke kunne me lese i Aftenbladet om ei flott saueberging i Vormedalsheia. Men denne helga fekk enda to sauer berga livet - nå frå sjøvegen, med båt som framkomstmiddel. Det var Rasin og Lise Tjeltveit som var "bergingsmannskap" til sauene frå Hagalid som stod fast på ei lita "to" ved Bårebergneset i Jøsenfjorden, saman med saueigarane sjølve: Hanne og Jone Hagalid.
Første hinder: kome seg ut av båthamna på Nesvik, som var heilt tilfrosen.
Ferda gjekk i open båt over den iskalde fjorden i 9 minus i retning Bårebergneset "under" Hagalid.
Saueeigarane frå Hagalid hadde ikkje sett desse to sauene sidan april, og var sikre på at dei heller ikkje kom til å sjå dei att. Som kjend er terrenget rundt Hagalid særs tøfft; ja det rett og slett "stuper" ned i Jøsenfjorden fleire hundre meter, på ein lang strekning. Ja, her er svært bratt, og mesteparten av terrenget er brattheng, og kun på heilt få stader er det råd å ta seg til fots frå sjøen til gards. Men det er òg ein del skog og vegetasjon innimellom, og i dette terrenget har nok sauene vanka og levd grevens glade dagar heile sommaren. Heilt fram til nå - då nokon observerte dei på ei lita "to" - ei lita fjellhylle - heilt nede ved sjøen. Pga isinga og frosten var de komne i skårfeste på denne lille "toa" med nesten ingenting grøde å finne. Så utan berging hadde dei to sauene garantert gått den visse død i møte.
Få tustar å klore seg fast på for dei to slitne sauene.
Med litt lokking og lirking fekk Jone tak i sauene og fekk sett tau rundt de, og frakta de ned til båten.
To glade sauer, trygt ombord i båten - på veg heim til gards og til husbonden som hadde klar masse med godt fòr og mykje godt saue-lag i eit trygt sauehus. Tenk for ein saue-luksus etter 9 månader på "raggedeisen" !!
Altså - nok ei gladmelding frå sauefronten - to sauer til i tryggleik !!
ALLE FOTO: LISE TJELTVEIT !